ØEVHK har full hinderbane og god aktivitet i agility.
Me arrangerer kvart år kurs på forskjellige nivå. På hausten har me dobbelt agilitystevne i Ølen (ei helg i starten av oktober.) – og i juni/juli har me kveldstevne
I vinterhalvåret er hindera lagra innandørs i hallen vår i Ølensvåg,
medan dei om sommaren står ute på grusbanen ‘Olehumpen’.
Agility har fast treningsdag kvar måndag frå 18:00 og utover.